torsdag 26. juli 2012

Rune Belsvik: "Ho som var så søt"

La meg like godt seie det først som sist: Rune Belsvik si bok "Ho som var så søt" er eit praktfullt stykkje nynorsk litteratur.

Belsvik skriv om ei kvinne som har runda seksti år. Ho et for mange pillar for å roe seg ned. Ho slit med redsle for omverda, sosial angst, og kanskje mest angst for seg sjølv.

Boka skildrar ei flink jente som i barndomen bur saman med ein far som er såkalla periodedrankar, og ei mor som bruker ho som ein buffer mellom mot faren. Ho har óg ein bror som blir lite omtalt i boka. Jenta, Berit, har utsjåandet med seg. I ung alder blir ho offer for eit overgrep som ho vel å ikkje snakke om. Med dette som bakgrunn, drar ho til ein by for å studere etter endt skolegong.

Berit er på ingen måte dum, men ho er einsam. Ho lever i trua på at ho kan gjere seg populær med hjelp av kroppen sin. Ho kjenner seg fri og i førarsetet når ho forførar menn, men fridomen ho kjenner møtast etterkvart med forakt hos andre - og ikkje minst hos ho sjølv. Manipulasjonen av menn fell tilbake på ho sjølv. Ho blir sett på som ei hore, og ser etter kvart på seg sjølv som verdlaus.

Til slutt finn Berit ein mann som elskar ho for kven ho er og ikkje klarer seg utan ho. Likevel klarer ikkje Berit å fri seg heilt frå veremåten sin. Ho tyr stadig til andre menn for å kjenne seg attråverdig og for å vise mannen at ho har ein eigen fri vilje. Dei held i hop, og ekteskapet skildrast med varme av Belsvik.

Eg kjende mange skjebner igjen, og mange lesarar kunne nikke gjenkjennande til mykje av det Belsvik skildrar. Jentene som trur likestillinga har nådd så langt at dei kan leve som noen gutar, sjekke opp og bruke andre menneske som brikkar i eit spel dei ikkje er herre/dame over sjølv. Alkoholen spelar ei rolle for at hemningane skal forsvinne. Pillane overtar for å få tankane og kjenslene til å forsvinne.

Ei absolutt lesbar bok. Eg har sagt mykje her, men du har enda brorparten å sjå fram til!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar