fredag 11. januar 2013

Tankespinn i januar

Januar er ein månad som tradisjonelt tappar meg for energi. Eg er trøytt heile dagen, og kan finne meg sjølv sovande over tastaturet på jobb. Etter arbeidstid må eg leggje meg, og tida med ungane går til soving. Frå sju til ti-elleve på kveldane kjenner eg meg ikkje like ille, men klokka elleve må eg vere i seng for i det heile tatt å ha ein sjanse i kampen for å stå opp om morgonen. Og slik går dagane...

Det vil seie - i år er det ikkje like ille. Jo, eg klagar, og dei mørke dagane er... mørke..., og eg skulle gjerne ha sove over dei. Likevel er det håp. Eg har starta treninga, som eg bloggar om i http://senpai-elisabeth.blogspot.no/ . Eg prøver òg å høyre på kroppen min, å ikkje brenne alt krutt no i første del av månaden.

Det er av den grunn eg har eit par tilmålte timar med sofasyssel no på kvelden. Blogging og strikking om kvarandre. Eg strikkar vottar, og er nettopp ferdig med Lillehammervottar til poden. Slik ser den ut (men med fleire feil i mønsteret, ein liten "personleg touch" - på ugodt norsk):


(Biletet låg på nett og tilhøyrer bloggen "Ann-Magritts hobbysysler")

No held eg på med vottar til tøtta mi. Ho har valt Trysilvottar:



(Bildet låg på nett og tilhøyrer bloggen "Den tapte tråd")
Eg sitt med andre ord og strikkar i tradisjonsrike, norske mønster. Idet eg gjer det, prisar eg meg lukkeleg over at ein Framstegspartipolitikar som Christian Tybring-Gjedde ikkje får definere norsk kultur, og at vi har ein kulturminister med bein i nesa. Ho heiter noe så framandarta som Hadia Tajik, og er ein norsk muslim. Ho lar korkje Tybring-Gjedde eller andre som vil verne om eit ikkje-eksisterande status quo få stå uimotsagt. Ikkje lar ho dei få ta oss tilbake til eit ikkje-eksisterande 50-tals-Noreg heller.

Det kan faktisk sjå ut til at Noreg har fått ein kulturminister eg kan like, ein kulturminister som veit noe om kultur.

PS: Eg får av ein eller anna grunn ikkje laste ned eigne bilete til bloggen min for tida, og måtte difor bruke nettbilete.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar