søndag 22. juli 2012

22. juli 2011

22. juli 2011 er ein dag som har merka alle i Noreg, og mange er så sterkt prega av denne dagen at ein ikkje kan fatte det heilt og fullt utan å ha vore til stades i liva deira.

Dagen er vanskeleg. Den kjennest så nært, så vond, så ufatteleg. Likevel er den difor så fjern, som ein vond draum. Eg er ikkje direkte involvert, eg er ein utanforståande. Har eg eigentleg rett til å føle så sterkt? Har eg rett til å seie noe om hendingane? Gjorde hendingane noe med meg?

Eg har forstått at vi ikkje lever i same verd alle saman. Eg har sett meldingane på sosiale media som skuldar Arbeidarpartiet for å ha ført ein politikk som tilsa at noen måtte ta dette skrittet. Meldinga kom frå ein politikar i Framstegspartiet. I dag skulle politikarar i frå same parti helde minnetalar og opne blomepark i byen. Utan at eg skal klandre dei personleg - eg klarte ikkje å dra på den minnestunda. Det blei heilt feil for meg.

Det er nok menneske som er flinkare å snakke politikk enn kva eg er. For meg blir det for mykje kjensler. For mykje rett og galt. Eg klarer ikkje å halde meg til politisk eller byråkratisk språk. Eg syntest at det var fantastisk å kunne tale om meir openheit, meir demokrati... Eg forstod berre ikkje at det var noe som berre den brune sida av politikken skulle ha gledje av.

I ettertid synest eg den fanatiske høgresida/dei brune har fått boltre seg villt og uhemma. Alle dei som ikkje støttar ugjerningane, men som forstår kvifor dei blei gjort. Eg blir kvalm av dei.

Kor mykje kjærleik er igjen i oss? Kor mykje klarer vi å gi? La ikkje hatet ta over. La det gode vakse og gro. Det er ein kamp vi ikkje kan gi oss på. Korkje no eller i framtida.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar